Velg en side

Me tilbyr ein sjarmerande guida tur med smaks- og naturopplevingar.

Kom tett på identiteten, kulturen og historia knytt til laksafisket frå laksagiljo.

Bygda Stamnes

Fjorden har alltid vore viktig for den vesle bygda. Både som ferdselsåre og i nærings-samanheng. Herifrå var det frakta både sand og ved. Tidlegare gjekk det ferje frå Vikanes til Stamnes og her var til og med telegrafstasjon. Mykje visste dei som sat der! I dag har området status som ein del av UNESCO biosfæreområde Norhordland.

Laksagiljo

Heilt unik og fiske var ei viktig kjelde for inntekt. Laksagiljo du her kan vitje er plassert på ei fjellhylle 20 m over fjorden. Når laksafiskaren sat her måtte han sjå fisken med det blotte auga for å fange den i nota. Det krevde ei viss røynsle og ikkje minst tålmod.

Flott natur

Plasseringa av laksagiljo er eventyrleg på mange måtar. Men det var ikkje fyrst og fremst vakre omgjevnader som var avgjerande for plasseringa. Eit av vurderingskriteria for bonden og laksafiskaren var straumtilhøva i sjøen.

MATOPPLEVING

Bestemor mi sa alltid «Når nokon kjem på besøk, må dei alltid få litt å bite i». Så vart det dekka på med flotte porselensfat- og koppar. Men det var heime i stova. No er me ikkje i stova, men litt å bite i av lokalprodusert vare er ein sjølvsagt del av opplevinga.

Ei spennande, sjarmerande og ikkje minst unik oppleving for heile familien, men også for deg som er interessert i lokal identitet, fjordkultur og lokalhistorie.

Steinar og blokker, ein viktig del av reiskapen. Vekt på steinane var tilpassa kvar laksagilja.

Å sittja etter laksen var også ein del av matauken, samt at den var ettertrakta av oppkjøparar. Vossolaksen hadde rykte på seg for å vere av særs god kvalitet.

Her sat karane og stira i sjøen, konsentrerte med solbriller på. Ein kopp kaffi lett tilgjengeleg og stille småprat. Anten med seg sjølv, eller med kvarandre dersom dei var to på vakt.

Her har det kome fisk i nota. Stor eller liten, ei dråga på 15 eller ein liten «orgapidn»? Det veit berre dei som har fiska. Litt løyndom var det også blant fiskarane og ikkje alt skulle ein fortelje.

Vakker fjord

Etter opplevinga på laksagiljo kan du på eiganhand ta med kajakken din utpå fjorden. Her kan du kome tett inntil den flotte fjellveggen som laksagiljo står på.

KVA KAN DU OPPLEVA?

Sjå vår flotte video.

Oppleving

Laksafiskaren sprang både ned og opp stigen om sumaren då fiskesesongen stod på.

Reiskap

Nota var stor og hadde sin eigen plass i nothuset når den ikkje var i bruk.

Historie

Sjølv om laksafisket var for karane så hende det at eg også både overnatta og sat og fiska. Då sov eg i øverste køya og far min i den nederste. Det var lite søvn, for ein fiska så lenge det var lyst.

Guide

«Ufiskelæ» vart det gjerne sagt om damer som ville ta turen på laksagiljo. Eg var likevel så heldig å få oppleva denne unike, innovative og særskilte måten å fiska på, saman med far min. Meir om dette kan du få vite når me møtes.

Det var ikkje uvanleg å nytte kallenavn på dei som budde i bygda. Det fortalde noko om kvar dei kom ifrå.

Leirekarane, Halstein og Magnar, er riktig så fornøgde. Dei høyrer til garden Stamnesleiro. Tilhøyrande garden var laksaplassen Vikaberget. Her kunne det kome store laksar i nota.

Alder ingen hindring. Her var det berre «å lera seg te».

Å verte ein god laksafiskar var ikkje sjølvsagt. Det krevde bla. store porsjonar med tålmod og godt syn. Kom ein frå ein gard som hadde laksaplass var det ein fordel då laksafisket også gjekk i arv. Likevel var det ikkje alle som hadde ynskje om å fiska sjølv, då var det mogleg å leige ut laksaplassen til andre.

Sjå oss i media

Her er nokon artiklar om oss.

Bygdasjarm fra Vaksdalsposten (foto: Esben Hesjedal)

Bygdasjarm på laksegilja

Vaksdalsposten (foto: Esben Hesjedal)

Anne Lise Leiren Mastervik har starta opp med omvisingsturar på laksegilja på Vikaberget, like ved Stamnes skule. Verksemda hennar ber namnet Bygdasjarm AS.

Bygdasjarm Avisa Hordaland (Foto: Jan-Egil Dyvik)

Her kan du få sjarmtur til ei laksegilje

Avisa Hordaland (Foto: Jan-Egil Dyvik)

HØGT HENG HO: Langs FV 569 til Stamnes ligg laksegilja tett inntil vegen. Det går veg ned til naustet ved sjøen.

Bygdasjarm Etablerersenteret (Tekst og foto: Irene R. Mjelde)

Anne Lise Leiren Mastervik er fersk driftar av Bygdasjarm

Etablerersenteret (Tekst og foto: Irene R. Mjelde)

Me har eit ansvar når det gjeld å ta vare på gamle kulturar, fastslår Anne Lise Leiren Mastervik. Nyleg sette ho i drift Bygdasjarm AS.

Tilråingar

Sjå kva nokon av våre gjestar har å si.

«Ei ny verd opnar seg»

«Dette er noko heilt nytt for meg, eg visste ingenting om dette fisket frå før. Dette er som ei ny verd opnar seg,.»

Ralph von Minden
Bergen

«..veldig interessant»

«Eg har litt høgdeskrekk, så eg var veldig spent då eg forstod kva eg skulle vera med på. Men det går heilt fint. Dette var veldig interessant.»

Elisabet Kolbrun Hansen
Bergen

«..veldig spennande»

«Eg synest opplegget her som Anne Lise og Bygdasjarm legg opp til er veldig spennande.»

Oliver Gravermoen
Vaksdal kommune

Bestill eller kontakt oss

Bestill guida tur via vår Facebook-side eller ta direkte kontakt med oss.

Bestill

Telefon

Adresse